Ta russisk. Russisk.no med etMETODIUS da.

bloggen

Samtale med Sergio

2015-12-15 14:16

Då Sergio var her i &METODIUS’ lokale sundag 14. desember 2015, i samband med ein prøvetest, gjorde eg avtale om eit lite intervju. Etter at eg har sagt hei, kjem Sergio meg forkjøp med eit spørsmål:

Hei, Sergio!
Hei! Kva for språk skal me snakka?
Ja, me kan snakka norsk eller russisk.
På kva for språk skal du skriva intervjuet?
På norsk.
Ok, då snakkar me norsk!
Greitt, Sergio! Sergio, kvar er du ifrå?
Italia
Og du bur?
I Stavanger
Kor lenge har du lært norsk og kor lenge har du vore i Noreg?
Fire år
Og kor lenge har du lært russisk?
Sidan 2009
Og kvifor byrja du med russisk?
Det var interesse for russisk kultur i vid tyding.

Her kjem me inn på ein digresjon om at Sergio har lært latin - eller gamal-latin, som han seier - gjennom skulegangen i Italia. Heile åtte år med latin har han hatt. Og dette, seier han, har han hatt nytte av når han skulle læra seg russisk.

Korleis har du hatt nytte av skulelatinen?
Jau, italiensk manglar kasus, på same måte som norsk - italiensk liknar og på norsk ved at det er har bunden form [medan latin har ikkje bunden form - slik som russisk ikkje har bunden form]. Det har hatt ein overføringsverdi. Latin har akkurat dei same kasusa som russisk - bortsett frå vokativ, som russisk ikkje har.
Korleis har du lært deg russisk?
Eg har lært meg russisk på eiga hand, og gjennom vener og kjærast. Og gjennom audiokurs [dvs kurs på CD eller anna ljodmedium].
Men, Sergio, korleis fann du fram til språkskulen vår?
Det var gjennom internett. Eg hadde lyst til å ta sertifiseringstest på russiskkunnskapane mine - og så Googla eg – og fann fram til dykk.
Og no har du reist hit i eins ærend for å ta ein prøvetest, for å finna ut rette nivå avleggja eksamen?
Det stemmer. Men eg har og hatt kjærasten min her - Oslo er ein pen by og me et middag i lag i går etter testinga.
Det var kjekt å høyra at du tykte Oslo er ein pen by – har du vore her før?
Eg budde her eit halvt år i 2012.
Sidan eg er frå Ryfylke (i Rogaland) interesserer det meg òg kva du tykkjer om Stavanger?
Stavanger er ein pen by - særleg sentrum, med dei mange små kvite husa. Men mentaliteten der er ikkje så europeisk som i Oslo. Her i Oslo er det eit stort utval av utestader - t.d. stader å eta, det er alltid ein ny stad å oppdaga. I Stavanger, når ein har vore gjennom dei tjue restaurantane, så må ein liksom byrja på ein ny runde med dei same restaurantane …
:-D Men Sergio, kva slag utdanning har du?
Eg har høgskuleutdanning i kunsthistorie.
Men denne prøvetesten, korleis lika du han?
Vel, testen lika ikkje meg. Med hjelp av prøvetesten har eg avdekka ein del hol i kunnskapane mine når det gjeld grammatikk - problem eg må fiksa. Men gjennom prøvetesten har det vorte klart kva for eit nivå eg skal sikta meg inn på når eg, neste år, skal ta den verkelege testen her hos dykk.
OK. Forresten, når du ska ta toget til Gardemoen vil eg råda deg å ta NSB-toget, dei er billegare enn Flytoget!
Ja, eg veit. Men du veit, kjærasten min russisk … Du har vel høyrd vitsen om russaren som la ut om at han hadde kjøpt eit klesplagg for 200 euro? Ha, sa den andre russaren, eg betalte 400 euro eg!
Ha, ha. Eg kjenner meg (kanskje) igjen. :-D Men kva skal eg spørja deg om no?
Du kan jo spørja meg om eg har vore i Russland.
Ja, har du vore i Russland?
Ja, eg elskar Russland. Eg har vore i Moskva tri gonger og i Sankt-Petersburg eit par gonger. Og tok eg fly til Kazan ein gong. Og so var eg på Krïm ein sumar, i ein liten ikkje langt frå Simferåpål. Det var før 2014. Eg kom forresten frå Russland, og drog til Kiev etterpå. Det eg ikkje visste før eg kryssa grensa over til Ukraina var at visumet var ådnåkratnaja (einvegs) . Dermed måtte eg improvisera kraftig for å greia å koma meg heim ifrå Kiev. Fyrste gongen eg var i Russland var i august 2009.
Då må me snakka litt om Moskva opp i mot Sankt-Petersburg. Kven likar du best og kven tykkjer du er mest og minst «vestleg»?
Med mi kunsthistoriske utdanning, når eg er i Santk-Petersburg eller i Kiev så kjenner eg at eg pustar i meir europeisk luft enn når eg er i Moskva. [Men han lika ikkje det eine betre enn det andre av den grunn.]
Eg likar forresten sovjetisk historie. Og eg har lyst å dra til ein by der ein kan få litt av den «sovjetkjensla».
[ Eg er ikkje nokon ekspert på det området, men det jo mange russiske «småbyar» som har eit «sovjet» – dvs ein solid og krafti «sovjet-duma» – midt i sentrum. Eg gjorde difor framlegg om at Tola [Tula] eller Jaroslavl kunne vera gode kandidatar. Ikkje fordi at dei er so sovjetiske - men fordi ein der kan oppleva litt av den grelle Sovjet-nytida oppimot gamal russisk arkitektur. Særleg Jaroslavl er nesten lit kitsj. Synest eg. ]
Det å koma til Krïm var litt som å reisa attende i tid, til sekstitalet. Samstundes er Russland litt som Italia – og Noreg har kanskje noko av det same, både Noreg og Italia er to lange land med store variasjonar. Som eg sa, Italia er litt som Russland: I Sør-Italia, Palermo og slik, kan ein koma til stader der plutseleg er berre grusveg og der tida har stått litt stille.
Til slutt, tilbake til russisken. Korleis skal du halda fram med språket?
Eg vurderer å skaffa meg litt hjelp - noko som kan hjelpa meg å læra russisk.

OK, Sergio! Takk for samtala. Du må oppleva Oslo litt til før du tek Flytoget! Takk for intervjuet og god tur!

LHS

---

Commenting is closed for this article.